Noverande målform ved Etnedal skule er nynorsk. Det vil si at undervisninga og den skriftlege kommunikasjonen med elevane og foreldra skal skje på nynorsk (opplæringslova § 15-2). Samstundes kan elevar og foreldre sjølve velje målform på elevane sine læremiddel og bøker (opplæringslova § 3-1).
I dag vel om lag 65 % av elevane læremiddel på bokmål. Lova krev likevel at desse elevane, dersom dei går i 1.-7. trinn, skal nytte nynorsk i det skriftlege arbeidet sitt. Det vil si at elevane har undervisning på nynorsk, medan eit fleirtal har læremiddel på bokmål, men skal bruke nynorsk i skriftleg arbeid.
Nå ynskjer kommunestyret synspunkt frå befolkninga gjennom rådgivande avstemming på om målforma ved Etnedal skule skal være nynorsk eller bokmål. Det skal òg gjennomførast rådgjevande røysting for elevane, for føresette til elevane, for føresette med barn i Eventyrskogen barnehage samt for tilsette ved skulen. Ungdomsrådet vil uttale seg og saka vil bli lagt ut på offentleg høyring.
Alle som står i manntalet i Etnedal kommune per 01.01.2025 og oppfyller generelle stemmerettsvilkår kan delta i den rådgjevande folkerøystinga. Du kan velje om du vil røyste for at Etnedal skule skal ha nynorsk eller bokmål som målform eller du kan røyste blankt. Det kan røystast på servicekontoret på kommunehuset i perioden 28. april – 10. mai 2025. Opningstider: måndag – fredag 09.00 – 16.00, laurdag 10.00 - 13.00.
Elevane, føresette, tilsette og ungdomsrådet vil få direkte informasjon om kvar dei kan uttale seg i tillegg til rådgjevande folkerøysting.
Det blir informasjonsmøte på samfunnshuset 23.04. kl. 18.00.