Beitesesong, dyr på utmark - skadde dyr eller kadaver

Ein ny beitesesong er no i gang, med slepp av mykje dyr på utmarksbeite. Dersom du finn sjuke / skadde beitedyr eller kadaver bed kommunen om at du for sau merkar deg sjusifra dyre-ID på øyremerket, ofte kombinert med namn og tlf. til eigar. Storfe har åttesifra produsentnr. på øyremerket, iblant namn i tillegg. Sau har særskilde fargar på øyremerker og klavar. Ta gjerne kartkoordinatar for funnstaden.

Beitenæringa set pris på informasjon om observasjonar av dyr som går att i utmarka etter hovudsankedato 10. september.

Melding om funn kan gjevast på beitevakttelefon 902 11 677 

Gjerder

Dersom du oppdagar dårlege eller nedfalne gjerder som kan gje skader på dyr, kan dette meldast frå om til kommunen tlf: 61 12 13 00, eller mattilsynet tlf: 22 40 00 00
Straumgjerder er ikkje lovleg å bruke utan straum og jamnleg tilsyn.

Hundehald

I Etnedal gjeld bandtvang for hund i peridoen 1. april – 30. september. Unnateke er organisert trening og jakt med hundar i perioden 21.08 – 30.09, etter avtale med grunneigar. Hundeførar må ha kontroll over hunden og hunden må vere sauerein.

Med ønske om en god sommer for alle som ferdes i utmarka!

 

informasjonsbrosjyre-rovvilt-og-beitesesong-2024 (PDF, 8 MB)