Undervisninga følgjer skuleruta og skjer på skulen i eigne lokale enkeltvis eller i grupper fortrinnsvis etter skuletid måndag, tysdag og fredag. Tidspunkt for timane blir avtala med kulturskulen ved starten av skuleåret. Lengda på undervisninga kan variere etter elevens behov og etter gruppestørrelse. Noko undervisning blir også gitt i form av seminar og fellessamlingar. Me har felles lærarar med fleire av våre nabokommunar.
Her kan du søke plass i kulturskulen
NB! Elevar som alt har ein plass i kulturskulen, må gå inn og re-registrere seg kvart år.
Oversikt over dei ulike undervisningstilboda, lærarane, prisar, korps og kor: sjå brosjyre for kulturskulen ovanfor for gjeldande år.
Velkomen til eit kreativt, aktivt og levande miljø!
Kontaktperson: Lars Erik Haugerud
Lars.Erik.Haugerud@etnedal.kommune.no
Telefon 47632825