det kan bli vanskeleg å konsentrere seg om arbeid på skulen, og om leik og læring i barnehagen.
Vi som vaksne må væra konkrete og spørja barnet direkte og væra tilstade for dei. I nokon tilfelle snakkar barna med ein gong, i andre tilfelle må dei ha tid på seg for å opne seg. Det er stor hjelp for barna berre å vite at dei har mogelegheita til å snakka med den vaksne som tok opp temaet. Det kan væra nok å seia at "eg ser at du har det vanskeleg...".
Barnehage og skule har stor innvirkning på barn og unge sin kvardag, også når dei blir pårørande. Foreldre oppfordrast til å ta kontakt med barnehagepersonell og lærarar for å informere om familiesituasjonen om noko er vanskeleg. På den måten kan vi saman gjera kvardagen lettare for barnet.
Forsking viser at kvardagen blir lettare å mestre, når barna har vaksne rundt seg som dei veit at dei kan prate med. Det er eit vaksenansvar, både heime og i barnehage og skule.
Det vart oppretta «Treffpunkt Valdres» i mars 2018, der barn som pårørande får møtast som friske pårørande. Møtestaden er diagnoseuavhengig, og er ein arena med moglegheit for leik, sosialt samvær, samtale og god mat.
Ta gjerne kontakt om det er noko de ynskjer meir informasjon om: Liv Sonja Solbrekken er helsesykepleier, og medlem i arbeidsgruppa "Barn som pårørande" i Valdres.