Inntektsgradert foreldrebetaling SFO

Kommunen skal etter søknad gi reduksjon i foreldrebetalinga for SFO for elever på 1. - 4. trinn. 

Betalinga skal utgjere maksimalt 6% av inntektene til hushaldet, dersom:

a) foreldrebetalinga for eitt skoleår utjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året, eller

b) det er varig nedgang i inntektene til hushaldet inneverande år som gjer at foreldrebetalinga for eitt skoleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet.

Betaling for kost kan komme i tillegg.

Særskilte behov
Kommunen skal ha eit tilbod om SFO for barn med særskilte behov på 1.-7. årstrinn, jf. opplærinslova sin § 13-7 føste ledd.
Tilbodet på 5.-7. trinn skal vere gratis. Kommunen kan likevel krevje betaling for kost.

Forskrift om reduksjon i foreldrebetaling for SFO
Forskrifta finn du her. 

Retningsliner for behandling av søknad om reduksjon i betaling for SFO
Kommunen kan, utan hinder av teieplikta, innhente grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet frå skattestyresmaktene for å dokumentere inntektene til hushaldet siste året. Kommunen kan innhente slike opplysningar og gjere nye vedtak om redusert foreldrebetaling i heile tida søknaden gjeld.

For søknader levert før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1.august og ut skoleåret. Blir det søkt etter 1.august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skoleåret. Ein må søke på nytt for kvart skuleår.

Med hushald meiner ein ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar. Som sambuarar rekner ein to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn. Dersom søkjar er sambuar utan felles barn, må søkjar opplyse kommunen om dette.

Med inntektene til hushaldet meiner ein hushaldet si samla brutto personinntekt etter skattelova kapittel 12 og skattepliktig kapitalinntekt.

Dersom foreldra til barnet bur kvar for seg, og barnet bur fast hos begge foreldra, er det inntekta til hushaldet til den foreldren som har same folkeregistrerte adresse som barnet, som skal leggjast til grunn i vurderinga.

Dersom grunnlaget for fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet, ikkje kan utleverast av skattestyresmaktene, og kommunen av den grunn ikkje klarer å fatte vedtak før 1. august, skal kommunen be søkjar om å levere skattemeldinga for det siste året og eventuell skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje er førehandsutfylt.

Inntektsgrenser

Plasstype 0-7 timar per veke: inntekt under kr.206 667.- vil gi redusert betaling.

Plasstype 8-14 timar per veke: inntekt under kr.330 000.- vil gi redusert betaling.

Plasstype 15 timar + per veke: inntekt under kr.413 334.- vil gi redusert betaling.

I tillegg kjem søskenmoderasjon.

Ordinga trer i kraft 01.august 2020.
Ta kontakt med skulen ved rektor dersom du ynskjer å søke inntektsgradert foreldrebetaling i SFO.

E-post: Wenche.Rognerud@etnedal.kommune.no

Denne siden bruker informasjonskapsler. Trykk her for detaljert informasjon. (Skjul denne meldingen)